Jepp, du leste rett. Igaar kveld reiste vi fraa Luang Prabang til hovudstaden i Laos: Vientiane. Bussturen var noke for seg sjolv. Det var ein lokalbuss, og turen var det mest humpete eg har vore med paa ever. Det var kaldt, fullt, og ikkje lett aa sove. Men etter ca 10 timar var vi framme i Vientiane idag tidleg kl 07.
Laos er forresten ein kommunistland der det er forbudt aa snakke om politikk og alle utestadar stenge kl 24. Meget rart! Men folka var fantastisk hyggelige, alle smile og er glade. Luang Prabang er forste byen vi har reist fra som eg har vore lei meg for aa forlate. Det var ein koselig by!
Hadde egentlig ikkje planlagt saa masse av laos og kambodsja, saa naar vi no saag nermare paa kartet fann vi ut at vi hadde masse lange busstura framfor oss, og lite tid paa kvar plass. Dermed var vi impulsive som aldri for, og bestemte oss for aa skippe resten av laos, til fordel for aa fordjupe oss meir i kambodsja. To timar seinare satt vi paa flyet til Phnom Pehn, hovudstaden i Kambodsja. Turen var dyr: dvs 1000 nok, men vi haape det var verdt det.
Idag har vi vore og svommt paa eit luksushotell, mens utafor vaart (koselige) guesthouse, saag eg ei stooor rotte i stad. usj. I morgon skal vi besoke s-21 fengselet og killing fields, begge resultat av Pol Pot sitt regime i Kambodsja. Las forresten istad at gjennomsnittsinntekta her er 2000 nok i aaret. Ikkje rart folk ser stygt paa oss som har penga.. Huff.
Neste post kjem mest sannsynlig fraa Siam Riep. hejdaa!
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment