G'day mate! Som alle australiarar, eller aussies om du vil, seie, men som vi er autorisert til aa sei. I folge vaare australske venner maa du vere aussie, eller evt ha budd her i 10 aar for aa kunne bruke uttrykket. Med andre ord, for oss er det fyfy.
Vi ankom Sydney lordag 10. mars, etter 7 timars flytur fraa Kuala Lumpur. I Sydney har vi sett operahuset, Harbour Bridge, botanisk hage og div shoppingstrok. Idag er det torsdag, og vi skal (endelig) reise vidare. Eg syns vi har brukt for lang tid her, og det er delvis pga G og K som ville vere ein dag lenger enn eg, og delvis fordi Kilroy er teite og surra med busspasset vaart. Derfor har vi betalte dyre pengar for aa sove paa YHA Central Sydney i mange mange dagar. Eg er ikkje negativ fordi eg mislika Sydney saa sterkt, men heller fordi vi no har surra vekke ei kort veke, og dermed berre har 2 veker igjen for flyet lettar fraa Brisbane, og Australia har saa mange andre ting eg har meir lyst aa sjaa enn "berre" enda ein storby.
Meeen, vi er med godt mot og i kveld tar vi mest sannsynlig nattbuss til Byron Bay. Det ser eg fram til. Der skal vi nemlig prove aa surfe, sole kroppen, muligens "skydive" og chille. Deilig med andre ord!
Her var planen aa faa inn noken bilder, meen datan vil det anleis, saa eg faar prove igjen seinare idag.
Cheers!
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment